Go back




download musicfile

Godmor Knytte
Stiklestad-tonane: dikt 1961. Minne om jordfallet i Verdal 1893



Du samlar dei kjære småting
du gjerne vil gøyme på;
så ligg dei og held fast på dyre minne
du ikkje vil gløyme tå.

Du set dei på hegna hylle,
du ber dei til benk og bord.
Så talar dei trufast med togn på tunge
eit mål som er meir enn ord.

Her ser du ei seljesule
med eldgamle håvåll-band.
Slik knytte den sæle godmora mi
ein gong med si unge hand.

Den sula laut ut og segle
ei øgjeleg redslenatt.
Dei fann ho på restar av stabbursloftet;
alt anna fanst ikkje att.

Sjå her: Det er blåleir-klumpar
på trådendom her og kvar.
Dei nemner eitthundreogtolv som drukna
i skreda som sula bar.

Du stryk med så vare hender
dei tinga som seier mest.
Så legg du til brystet det kjæraste kjære
den dagen ditt hjarte brest!




skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.